tirsdag 14. juni 2011

Utruleg, men sant...

Ser at det er har vore litt diskusjon om kor mange som eigentleg var innom Uskedal Båthavn på laurdag. For å få slutt på alle spekulasjonar og meir eller mindre kvalifiserte gjetningar har eg personleg foretatt ei nøyaktig opptelling av alle besøkande! I heile dag har eg difor sperra av Båthavna medan eg har krøpe på alle fire og talt sko og fotavtrykk i heile nedre området i frå Uskedalsbrua og bort til idrettsplassen. Etter ei dobbeltsjekking har eg no talet klart – hald dåke fast: 42.126 personar var innom båthavna på laurdag!!!! For ein suksess – dette må då vera ny rekord??
Men, dette er ikkje alt eg har funnet ut, for ut ifrå talmaterialet mitt kan vi óg slå fast fylgjande:
·         Av 42.126 personar var heile 671 kun utstyrt med venstrebein
·         Av 42.126 personar var 279 kun utstyrt med høgrebein
·         Av 42.126 personar var 98 einbeinte
·         Av 42.126 personar var 38 beint fram beinlause
·         Av 42.126 personar var det ein av dei som stod i pølsekø 451 ganger (!!!)
·         Av 42.126 personar var det 42.086 som ein eller anna gang i løpet av dagen stod i matkø – dei resterande 40 har kun bevega seg rund området Sandakaien/Vertshuset. (Vi veit kven dåke er…..)
·         Av 42.126 personar var det kun 2 som hadde stått opp på feil fot…
·         Av 42.126 personar var det 241 som har gått på toget, men ikkje av??
·         Av 42.126 personar var det 39.522 som trampa takten når Brazzooka hadde konsert.
·         Av 42.126 personar var det 351 som gjekk på vatnet (imponerande!)
·         Av 42.126 personar var det INGEN som satte foten ned!

Dette er konklusjonane eg har klart å slå fast så langt, men eg har enda mange kveldar foran meg med mykje forskning. Eg ser blant anna for meg at eg skal klara å få fram statistikk på augefarge, utruskap, tannhelse, favoritthobbiar, søvnmangel, lakenskrekk etc. etc.

Då eg hadde sperra av heile området var det sjølvsagt utråd for fotografen å komma til for å ta bilete for å dokumentera at alt eg gjorde gjekk riktig for seg, men han far har kikka i frå kjøkenvindauga og klart å få fram fylgjande illustrasjon – som må seiast å vera ganske så treffande & presis:



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)